Utstillinger

Plakat
Utstillinger
30. september - 29. oktober 2023
Brynhild Grødeland Winther
«Eg har forkasta alle svar. Putta dei i flaskepostar og mata kvalane med dei, som drops eller smertestillande piller…whatever.»
Velkommen til utstillingsåpning lørdag 30. september kl. 13
Musikalsk innslag av Nicolae Bogdan!
Utstillingen viser tegninger i store formater. Blyant og tusj på papir.
Tegningene til den bergensbaserte kunstneren Brynhild Grødeland Winther oppstår i en slags underbevisst og intuitiv flyt der hun benytter både høyre og venstre hånd; «Venstrehanda teiknar med tusj. Høgrehanda teiknar alt det andre, men nektar liksom å bruke tusj«
Grødeland Winther legger ikke skjul på at hun har asperger og at arbeidene hennes preges av en søken etter ting hun prøver å forstå, ting som engasjerer henne og det hun beskriver som; «den konstante flaumen av bilete på innsida av kraniet»
Brynhild Grødeland Winther jobber hovedsaklig med tegning. Hun har master fra Kunstakademiet i Bergen og har stilt ut ved blant annet Stavanger Kunstmuseum, Høstutstillingen (2016, 2023) Vestlandsutstillingen, Hå Gamle Prestegard, Tegnerforbundet, Møre og Romsdal Kunstsenter, Bærum Kunsthall, Haugesund Billedgalleri, Oppland Kunstsenter med flere, og er innkjøpt av blant annet KORO, Equinor, OsloMet, Haugalandmusèet, og Sparebanken Vest..

Kunstneren sier selv om utstillingen:
"Den var den dagen eg sa at eg har kokt fiskesuppe på sjela mi og...
Det første skrivne ord, var ei teikning av eit dyr. Teikning er mitt hovudspråk, men eg jobbar òg med tekst. Det ligg eit paradoks i det at eg jobbar med ord, for eg har ei problematisk relasjon til ord. Kanskje er frustrasjonen over manglane i ord som språk, noko av hovuddrivkrafta bak mitt kunstneriske virke. Eg har eit ytringsbehov, men når ein omset tankar til ord, blir mesteparten borte.

Eg har asperger. I 2018 lærte eg at det er vanleg blant folk som ikkje har asperger, å tenkje med ord og faktisk lyd. Den kvelden blei eg liggjande vaken heile natta og prøve å rope inni tankane mine. Men det var heilt stille.

Eg undrar eg meg over at somme trur ein kan forstå verda gjennom ord. Eg meiner ein brukar ord for å gjere ting forståeleg. Making sense heilt sjølv liksom...
Det ser òg ut til at mange utfordringar i samtida kan relaterast til tanken om at ord skal ha ein faktisk eksistens i verkelegheita. Ord og kategoriar har blitt viktigare enn fenomenet eller personen dei beskriv.

Det blir sagt at oss med asperger tek ting bokstaveleg...men kva skal ein ta bokstaveleg om ein ikkje kan ta bokstavar bokstaveleg?
Det var den dagen eg sa at eg ville til botnen, for om ein forstår noko flytande ser ein berre det som ligg i overflata. Eg trudde eg kunne finne skattar der nede under vekta av heile sjøen. Så drukna eg.

Fiskane djupt der nede bærer vekta av heile sjøen. Somme av dei er avhengig av ytre press for å halde fasongen...nokre av dei er gjennomsiktige, så andre kan sjå ljoset dei har inni seg. Somme brukar ljoset for å lokke til seg byttedyr. Byttar ein ut ein bokstav eller to, kan ein fisk bli noko anna. Noko som fell i god fisk liksom. Det blir sagt at fisk og menneske ikkje er dyr men somme seier at ein blir det ein spiser. Likevel kuttar orda oss frå kvarandre. Kanskje er det berre ord som skil mennesket frå naturen?

Byttedyr er ein type dyr ein kan bytte mot noko ein har meir lyst på, som til dømes mørk sjokolade. Mørk sjokolade er ei form for mørk materie...mørk materie er berre ei finare måte å sei at ein ikkje har klart å konstruere ei språkleg forklaring på eit fenomen....eg har heller ikkje ei språkleg forklaring på denne utstillinga. Og hadde ein kunna sei alt med ord hadde ikkje kunsten hatt noko hensikt.

Så var det ikkje meir
å sei.
Sei er ein type fisk som lever langs norskekysten... "

Motta siste nytt!
Vi sender deg nyheter om utstillinger, kunstnersamtaler, eventer. Vi sender ut nyhetsbrev kun en gang i måneden og du kan enkelt melde deg av når som helst.